Min musikk
Svein Ola Lillestøl er gjest i Min musikk i veke 40 på Radio Sunnmøre.
Frå veke 40 startar vi på Radio Sunnmøre med eit nytt program med namnet Min musikk. Vi har invitert inn gjestar som har laga eigen musikk, som syng andres musikk og som er glad i musikk, for å fortelje om kva musikken betyr for dei. Vi blir godt kjend med gjesten og deira liv og tru, og kva betydning dei enkelte songane har hatt i ulike samanhengar.
Programmet blir sendt mandag kl.13, onsdag kl.14, laurdag kl.09 og kl. 14, og søndag kl. 14 og kl. 20.
Gjest den fyrste veka er Svein Ola Lillestøl. Han har vakse opp i Volda og syng i koret SKRUK. Han fortel om sin oppvekst i song og musikk, og har mange flotte songar han vil dele som har ei betydning for han.
