Min musikk med Victor Haram
-Høyrer du på songar der bodskapen handlar om Gud og kjærleik, og det å ta vare på kvarandre, så blir det gjerne det som opptek tankane også. Før høyrde eg kanskje meir på sekulær musikk, men ved å vri over tankane på å høyre meir på kristent innhald så gjer det noko med tankane mine også, fortel Victor Haram.
I fjor fekk han beskjeden om at han hadde fått kreft, og det skapte tankar om uvisse. - Det var ein livsforvandlande beskjed, fortel Haram i programmet Min musikk. Salme 91 var hans go to salme gjennom sjukdomsperioda, og han fann tryggleik i den salmen. Høyr heile programmet på Radio Sunnmøre og songane som har hatt ei betydning for Victor Haram i veke 41. Mandag kl.13, onsdag kl.14, laurdag kl. 09 og kl. 14, og søndag kl. 14 og kl. 20.
