Møreskulen Skodje flyttar til Sjøholt

Møre barne -og ungdomsskule Skodje startar til hausten med planlegging av nytt skulebygg på Sjøholt folkehøgskule sin tomt. Rektor Hilde Renate Sæthre Nes ser no løysinga på nokre år med uvisse for skulen.

- Vi har jobba det siste skuleåret med å finne nye lokal for skulen, og så fekk vi eit tips om samlokasjon med Sjøholt folkehøgskule, fortel Sæthre Nes. Både kommunen og folkehøgskulen sitt styre er positive til å nytte tomta på Sjøholt til nytt skulebygg for Møre barne -og ungdomsskule Skodje.

-Vi gler oss over at dette kan vere mogleg, seier rektor Sæthre Nes til Radio Sunnmøre.

Høyr heile intervjuet med rektor Hilde Renate Sæthre Nes.

https://open.spotify.com/episode/2K5yYcWPIs1xjS7Habcb1H?si=BlV4z6Y6Riqd7DII7NpUFg

Forrige
Forrige

Søndagens tekst 21. juni

Neste
Neste

Engasjerande årsmøte i Imf Sunnmøre