Nala frå Somalia

Gud valgte meg! I dette programmet frå Åpne Dører får du eit sterkt møte med Nala (20) frå Somalia. Ho vaks opp i ein muslimsk familie, men vende islam ryggen. Hennar kontrollerande storebror var ein av grunnane til dette. Nala drøymde om utdanning; noko som var utenkeleg for henne. Men ho var både kreativ og eventyrlysten – og i hemmeligheit melde ho seg på eit lesekurs. Dette skulle bli starten på eit heilt nytt liv for Nala! Via internett fekk ho høyre vitnesbyrd frå somaliarar i utlandet, som hadde blitt kristne. Dette gjorde henne nysgjerrig; og etterkvart blei ho leia til tru på Jesus. Då starta forfølginga og det enda med at Nala måtte flykte for livet frå sine eigne – berre i det ho stod og gjekk i. Trass i at ho har mista både familie og heimland, seier ho med overtyding: «Gud har forvandla meg. Det var ikkje eg som valgte Han, men Han valgte meg! Før var eg ulukkeleg, men no har eg glede og håp, til tross for forfølginga.» I programmet får du elles høyre «Jeg er fri», frå Sanger fra bedehusland

Forrige
Forrige

Når gode samtalar endrar bildet

Neste
Neste

Den internasjonale minnedagen for Holocaust