NSP Aid kjem no med ein eigen serie på Radio Sunnmøre kvar fredag, og den fyrste episoda kjem fyrstkomande fredag og handlar om arbeidet Heart to Heart gjer i Kenya. I eit intervju med Per Gunnar Hamnøy i NSP Aid får vi høyre meir om kva serien skal handle om, og kvifor dei no satsar på fleire digitale plattformer for å nå ut med arbeidet.
NSP Aid AS driv bistandsarbeid i Kenya & Etiopia, og Per Gunnar Hamnøy er tilsett i ei lita stilling for å drive markedsføring og kommunikasjon utad.
(Foto: Leiaren for Heart to Heart, Sylvester Opiyo saman med Per Gunnar Hamnøy på ein tur i Kenya. Foto_Nsp-aid)
