Ny abortlov tredde i kraft 1. juni

Ei ny abortlov tredde i kraft i Noreg 1. juni i år. Den mest sentrale endringa er at kvinner no får rett til sjølvbestemt abort fram til svangerskapsveke 18. Etter veke 18 skal førespurnader om abort framleis behandlast i nemnde, og talet på nemnde blir redusert frå 22 til 7 i landet. To av dei skal ligge i Helse Midt-Norge med ei i Ålesund og ei i Trondheim. Den nye lova skal ha betydelege endringar i korleis helsetenesta skal møte kvinner som vurderer abort, og gir også ein lovfesta rett til å reservere seg mot abort for helsepersonell.

-Eg tenker at det er heilt forferdeleg. Eit foster i veke 18 er nesten heilt ferdig og treng berre litt meir tid i magen til mora, og no blir det også satsa på å berge born frå veke 23. Så korleis ein kan bestemme noko slikt, det undrar meg veldig, seier Solfrid Ulstein Riise om den nye abortlova som tredde i kraft 1. juni. Ho har 25 års erfaring som jordmor og 5 års erfaring som kommunejordmor i Hareid.

-Det burde ikkje vore abortar i Noreg i dag, med den tilgongen av ulik prevensjon som er tilgjengeleg, seier Ulstein Riise.

Høyr heile intervjuet med Solfrid Ulstein Riise.

Forrige
Forrige

Hovedtaler på årets Sommartreff

Neste
Neste

Unge kristne treng vaksne som går med dei