Ny haust på Radio Sunnmøre

Første dag etter ferie starta med tekniske utfordringar, noko som ikkje er uvanleg. Dermed startar vi for fullt med nytt stoff tysdag 12. august. Vi gler oss til ein ny haust med mykje nytt og mykje spanande. Allereie denne veka får du fyrste episode av søndagens tekst. Ein serie vi gler oss til å dele. Du skal også få møte fleire som er engasjerte med frivilleg arbeid rundt om på Sunnmøre.

Når vi kjem til 1. september er Helge Åkernes på plass i 60 % i Radio Sunnmøre, og det kan godt hende du får starte å høyre stemma hans noko før det også. Johan Behrentz er med oss også no i august og lagar flotte og engasjerande intervju.

Takk for støtte og oppmuntring til arbeidet med Radio Sunnmøre. Vi set pris på kva enkelt lyttar og støttespelar!

Forrige
Forrige

Ny serie om søndagens tekst

Neste
Neste

Kva gjer vi når alle stemmene slost om hjartet vårt