Ny krinsleiar i IMF Sunnmøre

Lars Petter Ødegård (36) er tilsett som ny krinsleiar i ImF Sunnmøre. Han startar i fyrste omgang i stillinga 1. januar 2026 i 30 % og frå 6. april i 100 %. Ødegård er frå Dyrkorn i Stordal, på Sunnmøre, er gift med Miriam og dei har eitt born saman. Dei siste ti åra har han vore pastor i Misjonssalen i Kristiansund og har vore med å bygge opp denne menigheta. Han har også vore områdearbeidar i Misjonssambandet på Nordmøre og reist som forkynnar på landsplan.

-Då eg såg stillinga som krinsleiar vart lyst ut sa eg til kona mi, at er det noko eg aldri skal bli så er det krinsleiar. Fordi eg synest det var meir enn nok administrasjon som pastor. Og då den vart lyst ut for andre gong tenkte eg det samme, men då eg såg Arild Ove var blitt konstituert krinsleiar tok eg ein telefon til han for å høyre litt. Då trygga han meg med at hovedoppgåvene var forkynning, forsamlingsbygging, møte misjonsfolket og fellesskapsutvikling. Og då kjende eg at dette er dei tinga eg brenn for og er ei stilling eg ville søke på, seier Ødegård til Radio Sunnmøre.

Då Ødegård gjekk på Vestborg vidaregåande skule fekk han sitt fyrste møte med kristen tru. Etter fleire møter og bibellesning var det på Ungdommens landsmøte han tok i mot Jesus. Deretter gjekk vegen til Fjellhaug bibelskule og seinare teologistudium. Før Ødegård landa i Kristiansund hadde han også to år i Mongolia for Misjonssambandet.

I eit lengre intervju på Radio Sunnmøre får vi høyre Ødegård fortelje at det ikkje har vore berre enkelt, då han i 2021 fekk beskjed om at han hadde fått kreft. Ei lang tid med sjukdom og tunge dagar har likevel ikkje haldt han borte frå den kristne trua. - Eg var så glad at eg hadde Jesus. Då eg var på det svakaste såg eg Jesus kome med si hand og halde meg fast. Det var ei stor tryggheit og fred opp i alt, at eg kunne kvile. Det gav meg ein fred å vere ein kristen, fortel Lars Petter Ødegård.

Både Ødegård og kona er frå Sunnmøre og no når familien auka vart det naturleg å flytte nærmare familie. Husbygging og ny jobb står altså på agendaen for 2026, og frå 1. januar startar han i 30 % før han 6. april er inne i full stilling.

-Eg gler meg til å reise rundt og møte misjonsfolket, seier Lar Petter Ødegård.

Forrige
Forrige

Inspirert på Haugekonferansen

Neste
Neste

Songhelg på Valderøy bedehus