Ny leiarduo i ImF frå 1. mars

Frå 1. mars skal ein ny leiarduo ta over stafettpinnen etter generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet (ImF). I 80 % går Anja Ulveseth Heggen inn som dagleg leiar for organisasjonen. Runar Landro går inn i 60 % som ansiktet utad i tillegg til å ha den andelege leiarskapsfunksjonen, og enn så lenge med tittelen IMF leiar. Det er ikkje nytt for Indremisjonsforbundet å ha ei kvinne som øverste leiar, då Heggen har vore assisterande generalsekretær i ei tid tidlegare då Furnes hadde permisjon. I tillegg har Heggen tidlegare vore både personalleiar og administrasjonsleiar i organisasjonen. Ho har blitt trygga på at leiarduoen skal arbeide saman i jobben, og at det er ingen av dei to som er verken A- eller B-laget.

Forrige
Forrige

Fisken er det sentrale symbolet

Neste
Neste

Håpar på vekkelse for landet vårt i 2023