Nye programpostar

Radio Sunnmøre vil i haust sende nokre nye programpostar i våre sendetimar. Sidan vi no sender 24/7 (døgnet rundt) på internettradio og via appen Radioplayer, har vi no fleire timar å fylle. Vi ynskjer å sende gode program og innhaldsrike sendingar, så dermed er vi oppteken av å finne godt og variert innhald.

Webpastor Asbjørn Kvalbein

Frå måndag 17. august sender vi Norea Mediemisjon sine program til Webpastor Asbjørn Kvalbein i timane mellom kl. 10-12, og kl. 16-17. Desse sendetimane finn på ved å lytte til Radio Sunnmøre via internettradio og appen Radioplayer, du finn oss ved å søke etter Radio Sunnmøre.

Kveldsmøter

I vår då koronapandemien lukka Noreg og gjorde det vanskeleg å møte fysisk på bedehus og i kyrkje, så starta Radio Sunnmøre opp med å sende kveldsmøter kvar kveld kl.21. Vi vil framleis kl. 21 i haust ha ein annleis sendetime enn vi har hatt før korona, og på onsdagskveldar kl. 21 blir det kveldsmøte med Marit & Irene.

Forrige
Forrige

-Å få gje det beste av alt

Neste
Neste

Sjømannsprest Lothe i Thailand