Nytt år med ny leiar for Indremisjonsforbundet

Etter tre månader i leiarstolen for Indremisjonsforbundet (ImF) har Jarle Haugland allereie vore med på ei nedbemanning i organisasjonen. I desember såg ImF ut til å få eit underskot på fire millionar kroner, og tiltak måtte til. Det er hovedsakleg Awana sin satsning i Europa og forkynnarar i deltidsstillingar som har blitt nedbemanna, og i tillegg er det andre kutt som har måtte bli gjort.

Tross krevande kutt ser den nye leiaren, Jarle Haugland, lyst på 2026 og arbeidet vidare i Indremisjonsforbundet. - Det er ein organisasjon eg er glad i. Eg er glad i folket og i oppdraget, seier Haugland. - Eg er framleis i læringsmodus og har tenkt å bruke dei fyrste månadane til å lytte, legg han til.

Lytt til intervjuet med Jarle Haugland, leiar for Indremisjonsforbundet, om hans tankar rundt organisasjonen for framtida.

Forrige
Forrige

Kraup under bordet og ropte på Jesus

Neste
Neste

Mannshelg på Brusdalsheimen