Nytt leiarkurs for ungdom og Awanaopplæring
Dei neste helgane arrangerer ImF Ung Sunnmøre både leiarkurs for ungdom og Awanaopplæring. Miriam Mulelid, leiar for Imf Ung Sunnmøre fortel om dei nyoppretta kursa på Radio Sunnmøre.
Leiarkurset er for ungdom mellom 13 og 17 år på Lepsøya, og er eit med avgrensa plassar. No til helga skal ImF Ung også ha ei eiga helg med fokus på Awana på Skodje bedehus. Då blir det opplæring av konseptet på laurdagen, og søndagen får ein oppleve ei Awanasamling.
Det står også ein Mini-leir på agendaen etter påske.
Høyr heile intervjuet med Miriam Mulelid, leiar for Imf Ung Sunnmøre.
