Nytt salmeprosjekt på nynorsk
Fredag 12. juni vart «Salme 1 – Lik eit tre» utgitt, den første utgivinga frå SALMIST – eit nytt musikkprosjekt der alle dei 150 salmane i Bibelen skal få nye musikalske tolkingar. Låta blir framført av Rak Marie Hatløy Sætre (RAK) frå Eiksund på Sunnmøre og markerer starten på eit langsiktig kunstnarisk arbeid leia av komponist og pianist John Vegard Schow.
– Eg har verkeleg blitt glad i desse songane. SALMIST har klart å ta tekstar frå Salmane og gi dei ei musikalsk drakt som kjennest både tidlaus og nær. Som sunnmøring og nynorskbrukar er det ekstra kjekt å få formidle desse tekstane på eit språk som står meg så nært, seier RAK i pressemeldinga.
– Salmane er både livserfaring, bøn og levd liv. Eg trur noko av grunnen til at dei har levd i tusenvis av år, er at dei talar både til trua og til livet, seier Schow.
– Nynorsken har ein musikalitet og nærleik som passar godt til salmetekstane. Når dei gamle salmane møter nynorsk språk og moderne nordisk musikk, oppstår det noko som både kjennest gammalt og nytt på same tid, seier Schow.
«Lik eit tre» tek utgangspunkt i Salme 1, den kjende teksten om treet som er planta ved rennande vatn. I den nye musikalske tolkinga møter den gamle teksten eit moderne nordisk lydbilete med vokal, piano, Wurlitzer, elgitar, bass og trommer.
Prosjektet er ein del av World of Psalms, eit internasjonalt kunstnarisk initiativ der alle dei 150 salmane skal få nye musikalske uttrykk gjennom samarbeid med artistar frå ulike delar av Norge og internasjonalt.
– Målet er ikkje å rekonstruere gamle salmar. Målet er å skrive ny musikk for vår tid med utgangspunkt i tekstane som har forma tru, språk og kultur gjennom generasjonar.
Høyr intervjuet med komponist og prosjektleiar, John Vegard Schow, på Radio Sunnmøre.
