Nytt ungdomskor i Giske

På Valderøy bedehus startar det no opp eit nytt ungdomskor frå 9. klasse og oppover. Dei øver annakvar onsdag og det er Susanne Moe Roaldsnes som startar koret. Ho har sjølv fått gå i ungdomskor i oppveksten, og no ynskjer ho at fleire skal få oppleve dette. Det er mange som har sagt dei har lyst å synge og har sakna eit kor, så no er moglegheita der. Susanne Moe Roaldsnes arbeidar i kyrkja som diakonarbeidar med fokus på barn og ungdom i kyrkja.

Forrige
Forrige

Barsel-cafè på PULS

Neste
Neste

Frå Sunnmøre til Elfenbenkysten