Ønskjer husbytte med sunnmøringar i sommar

Koronatid gjer at fleire må tenke annleis om årets sommarferie enn ein kanskje hadde tenkt i utgangspunktet. Familien til Tove Lea Reime har teke kontakt med Radio Sunnmøre for å møte sunnmøringar som kan tenke seg å gjere eit husbytte med dei i sommar. Familien Lea Reime bur i Sandes, og ynskjer å bytte både hus, hytte og bil mot ein stad å bu på Sunnmøre ei 7-10 dagar i sommar. Høyr intervjuet med Tove Lea Reime.
