Oppfriskning i Radio Sunnmøre
Ein haust byr på nye moglegheiter, og det har også Radio Sunnmøre nytta seg av. Gjennom sommaren har vi arbeidd med ei ny heimeside og fått oppgradert logoen. Vi håpar at vil bruke litt tid på vår nye heimeside og bli kjend med den.
Noko av det nye på heimesida er at alle som nyttar Radio Sunnmøre til annonsering no kan gjere den direkte på heimesida. Du går inn på Oppslagstavla - Legg til arrangement. Der får du opp eit skjema som du fyller ut. Bruk staden arrangementet skal vere som tittel, t. d Spjelkavik bedehus. Etter ei godkjenning av administrator blir den publisert i kalenderen.
Den nye heimesida viser programmet som til ein kvar tid går på Radio Sunnmøre sin kanal. Du finn også programsider for det som skjer utover heile veka. Og vi ynskjer at du skal ha lett tilgjengeleg oversikt over dei sist sakene som vi legg ut.
Det er også enklare å gje ei gåve til arbeidet, anten om det er enkeltgåve eller bli fast givar.
Vi håpar du vil bruke litt tid å bli kjend med vår nye heimeside og vår nye logo.
