Oppklaringar om verdidokumentet ved Sjøholt folkehøgskule

Rektor ved Sjøholt folkehøgskule, Lars Johan Klokk, og styreleiar Odd Christian Stenerud. Foto_Ragnhild K V Espelund

Styreleiar ved Sjøholt folkehøgskule, Odd Christian Stenerud, og rektor Lars Johan Klokk vart svært overraska då Bygdebladet, lokalavisa på Sjøholt, tysdag 28. januar omtalte Sjøholt folkehøgskule med ei sak dei ikkje kjende seg att i.

Tysdag 28. januar kunne ein på framsida av Bygdebladet lese at det er strenge krav for å bli tilsett ved Sjøholt folkehøgskule. Lokalavisa skriv at Indremisjonsforbundet ser på oppløysing av ekteskap og gjengifte, born fødde utanfor ekteskap og homofilt samliv som ein alvorleg samfunnssituasjon. Avisa har teke utgangspunkt i eit verdidokument i Indremisjonsforbundet.

- Kvifor Bygdebladet har omtalt eit verdidokument som ikkje gjeld dei tilsette ved Sjøholt folkehøgskule er vanskeleg å sei noko om, seier styreleiar Stenerud til Radio Sunnmøre.

Lokalavisa har eit ansvar

-Bygdebladet har eit stort ansvar når dei har valgt denne vinklinga, og det gjeld også dei andre mediene som har brukt denne vinklinga som grunnlag, legg Stenerud til.

Både Sunnmørsposten, NRK, Dax18 og i sosiale medier kunne ein vidare utover veka lese intervju og meiningar basert på Bygdebladet si vinkling på saka.

-Dette har svekka vårt omdømme og vil koste mykje å byggje opp igjen, fortel Stenerud i intervjuet med Radio Sunnmøre.

Stenerud er også tydeleg i intervjuet på at det verdidokumentet som faktisk gjeld for Sjøholt folkehøgskule, berre gjeld dei tilsette som har bøn og forkynning i sin instruks. Til dømes gjeld dette ikkje kjøkkenpersonell.

Ålesund-ordførar Vinje Aurdal støttar Sjøholt folkehøgskulen

I Bygdebladet denne veka kan ein lese at Ålesund kommune sin ordførar Eva Vinje Aurdal sjølv har gått på ein kristen folkehøgskule i Oslo, og som ho fortel var eit utbytterikt år. Aurdal fortel at ho har tru på at den nye skulen på Sjøholt skal bli eit godt og positivt bidrag i lokalmiljøet.

Styreleiar Stenerud seier at han etter å ha lese ulike beskyldningar i ulike medier og kommentarar er svært takksam for uttalelsen til ordførar Eva Vinje Aurdal. Han avsluttar også med å fortelje at han sjølv er unnfanga utanfor ekteskapet, og hadde det vore sant som Bygdebladet påstår, så hadde han sjølv ikkje vore aktuell som styreleiar for skulen.

Forrige
Forrige

Johanne på Madagaskar - del 3

Neste
Neste

Tida vi lev i