Østremsetra Opp

Motbakkeløpet Østremsetra Opp i regi av Ålesund Løpevenner har etterkvart vorte ein klassikar for dei som er glade i å springe lange og tunge motbakkar. Frå Emblemsanden og opp lia og heilt inn til Østremsetra går løypetraseen. Ålesund løpevenner ønskjer at pengane som kjem inn på dette løpet skal gå til eit veldedig formål og har inngått eit samarbeid med Åpne Dører. Slik kan løpskontingenten på eit mosjonsløp på Sunnmøre verte til hjelp for traumatiserte born i Colombia og India. Emblem bedehusforsamling er også med og legg til rette med praktiske ting, og det vert arrangert barneløp, mosjonsløp, grilling, kafe og gudsteneste. Vi har snakka med Helge Åkernes i Åpne Dører om kva som skal skje søndag 22. august på Emblem.

Forrige
Forrige

Ny haust med nye moglegheiter

Neste
Neste

Lansering av podkast om sjukdomen ALS