Overfylt basar på Vigra bedehus
Eli Remme, sjølvutnevnt loddny, leia basaren på Vigra bedehus torsdag 1. oktober. Foto: Gudrun Longva
Det var smekkfullt på Vigra bedehus torsdag 1. oktober, då Radioaktive damer arrangerte basar på bedehuset. Basaren fekk eit resultat på 45. 600 kroner med minst 130 personar frammøtte.
Inntekta gjekk til Radio Sunnmøre, Elkana frå Godøya song, og Linda Austnes haldt andakt.
Eli Remme leia samlinga og hadde invitert både vidt og breidt på Sunnmøre til Vigra denne kvelden.
- Salen var dekka til hundre nede, og så vart det dekka på galleriet. Så det var ei 130 menneske iallfall. Det kom også mange menneske som ikkje hadde vore der (på bedehuset) før, fortel ei opprømt Eli Remme til Radio Sunnmøre.
- Det var litt show, men det må vi ha på bedehuset. Vi kan ikkje berre ha tårer, fortel Remme som leia samlinga.
Høyr heile intervjuet med Eli Remme.
