Perleprosjektet - ein million mirakler
I dette programmet frå Åpne Dører har Olaug Lillian Bjørke fått med Ole Lilleheim som gjest i studio. Dei feirer eit 40års-jubileum i denne episoden; for Perleprosjektet. I løpet av to timar ein junikveld i 1981 vart ein million biblar bringa inn til ei sandstrand i Kina ved hjelp av båt og lekter. Dermed var Perleprosjektet blitt ein realitet; ei fantastisk hending som hadde vore umogleg utan Guds hjelp. I 2011 var Ole Lilleheim så heldig å få vere med på 30års-jubileet; og det var ei veldig spesiell oppleving å stå på den same stranda der 232 tonn biblar blei tatt i land. Høyr Ole fortelje om prosjektet og nokre av hans nære vener som var involvert i det. Vil du bli kjent med heile historia, anbefaler vi på det varmaste boka «En million mirakler» som nyleg vart utgitt på norsk. «Les boka og sjå for ein stor og mektig Gud vi har; ein Gud som inviterer menneske til å vere med i dei planane Han har», seier Ole Lilleheim.
