Plussreiser får nytt leiarteam

Aud Kindervåg Halsne, som fylte 63 år i oktober, gir seg seg som leiar i Plussreiser. Frå 1. januar 2026 er det konstituert ei leiargruppe av medarbeidarar frå selskapet, med team-ansvarleg Kurt Andre Henriksen, fram til ny dagleg leiar er på plass.

Frå 1. januar trer Aud Kindervåg Halsne av som dagleg leiar for Plussreiser, men ho vil halde fram i selskapet som reiseleiar og prosjektmedarbeidar i 60 % stilling. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho at ho blir også ein del av den konstituerte leiargruppa, med Kurt Andre Henriksen som team-ansvarleg, saman med Kjell Harald Otterlei, Corina L. Klokk og Liv-Hilde Ervik Hellevik. Henriksen har gjennom ei årrekke vore økonomi- og administrasjonsleiar i selskapet. Den daglege leiinga vil frå 1. januar ligge i den nye konstituerte leiargruppa.

-Styret vil ta ein fot i bakken i slutten av mai og så tek vi det derifrå, seier Kindervåg Halsne til Radio Sunnmøre. Ho fortel også at det er turane til Israel som avgjer mykje av økonomien til Plussreiser og korleis selskapet vil sjå ut dei neste åra.

Plussreiser skriv i ei pressemelding at Kindervåg Halsne har vore leiar i selskapet i 12 år og ei viktig drivkraft i selskapets utvikling. Ho har blant mykje anna stått i bresjen for ei stor samanslåing av dei tre reiseselskapa SI-Reiser, Sabra Fokusreiser og Ravinala Reiser til merkevara Plussreiser. Det var planlagt at Aud skulle gje seg som leiar i 2024, men ho vart bedd om å stå ei tid til. 

Styreleiar Andreas Eidsaa Jr. takkar henne for ein formidabel innsats gjennom mange år. 

- Aud har saman med ein dyktig stab sørga for å finne nye marked og likevel klart å oppretthalde god omsetning i krevjande tider. Det er eigarane svært takknemlege for, seier Eidsaa i pressemeldinga.

Han legg til at Aud vil bli sakna som leiar av selskapet, både for sine evner til å sjå moglegheiter og sin klokskap i møte med kundar, tilsette og reiseleiarar.

- Tilbakemeldingane vi får frå kundane er gode. Aud har alltid hatt kunden i fokus og sørga for at våre tenester har halde høg kvalitet. Hennar leiarskap har vore prega av profesjonalitet og engasjement. Vi er svært takknemlege for hennar innsats over fleire år, seier Eidsaa.

- Eg ser tilbake på 12 meiningsfulle og spanande år, seier Aud, som gler seg til å halde fram i ei ny rolle for reiseselskapet ho er så glad i.

Høyr heile intervjuet med Aud Kindervåg Halsne på Radio Sunnmøre:

Forrige
Forrige

Salmane som bønebok

Neste
Neste

Søndagens tekst 14. desember