Populære KRIK leirar over heile landet

Fleire gongar i året arrangerer KRIK (Kristen Idrettskontakt) leirar for ungdommar over heile landet. Desse leirane har blitt svært populære og nyttårshelga er det EXPLORE som står for tur på Lillehammer. Leiren har ei rekordpåmelding med 1200 deltakarar og 350 leiarar, og også denne er det fleire sunnmøringar som har tenkt å ta turen. Magnus Kolbjørnsgard er markeds - og kommunikasjonsleiar fortel  til Radio Sunnmøre at dei merkar at fleire ungdomar vil på leir. Til påska skal KRIK arrangere ein ny leir for fyrste gong på Voss, og dei arrangerer også påskeleir på Vestborg vidaregåande skule på Stranda.

-Vi har eit ynskje om å vere ei bru mellom idrett og menighet, fortel Kolbjørnsgard.

Høyr heile intervjuet med Magnus Kolbjørnsgard, markeds - og kommunikasjonsleiar i KRIK.

Forrige
Forrige

Vanskelegare å nå nye i Japan

Neste
Neste

-Vi må ha forventning