Radio Sunnmøre med flotte lyttartal
Radio Sunnmøre har 5000 trufaste lyttarar kvar veke på Sunnmøre, viser ei fersk undersøking for 2020 gjort av Kantar. – Dette er fantastisk for ein liten lokal nisjeradio som held fast på å vere lokal, seier dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.
I 36 år har Radio Sunnmøre vore på lufta og ikkje før dei to siste åra har lokalradioen vore med i ein lightversjon av Kantar sine lyttarundersøkingar. For 2020 viser tala at Radio Sunnmøre har 4 % av lyttarane på Sunnmøre, som tilseier 5000 lyttarar. I tillegg hadde Radio Sunnmøre ei auke frå 2019 til 2020 frå 4000 til 5000 lyttarar kvar veke, ei auke få andre lignande radioar i landet kan vise til.
- Vi prøvar ikkje å vere meir enn det vi er, og vi har ikkje mange ressursar på å lage god radio. Men god radio har vi likevel eit formål om å gje våre lyttarar kvar dag i alle våre sendetimar, seier dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.
Kristen lokalradio
Radio Sunnmøre er eigd av IMF Sunnmøre, og med det er det også ingen tvil om at både musikk og innhald har eit formål om å dele den kristne bodskapen og dei kristne verdiane.
- I våre intervju ynskjer vi å sette eit journalistisk fokus på både aktuelle debattar i samfunnet, tema og interesser folk har basert på det kristne livssyn og dei kristne verdiane. Alle menneske har ei tru, men ikkje alle har tenkt gjennom kva dei trur på. Dette ynskjer vi å hjelpe lyttarane med å fundere på, og kanskje til slutt ta eit standpunkt for sitt eige liv. Vi sender både intervju om aktuelle saker, men også intervju om levd liv, seier Vartdal Espelund.
Alle menneske har ulike erfaringar basert på oppvekst og levd liv. Det er også noko av det lokalradioen ynskjer å vere oppteken av, det å gje noko til lyttaren der dei er i livet.
- Ikkje alle passar inn i ein særskild organisasjon, eller eit særskild bedehus, og difor ynskjer radioen å ha litt meir breidde i det vi serverer. Vi har intervju og andaktshaldarar frå ulike organisasjonar, ulike typar levde liv og trushistorier, og ikkje minst aktuelle og informative saker som kan passe i den tida vi lev i no.
Gode tilbakemeldingar
Radio Sunnmøre har tilsette i ei og ei halv stilling, og i tillegg til å sende 73 timar på DAB og FM, lagast det ei 24/7 sending på internettradio. Radioen er drifta på gåver frå givarar, og har ein heile gjeng med frivillige og engasjerte medarbeidarar.
-Vi får dagleg tilbakemelding på at vi lagar god radio, at vi snakkar positivt om den kristne trua og at musikken er variert og god å lytte til. I tillegg er vi utruleg heldige som har svært mange engasjerte frivillige som både snakkar positivt om oss, men som også legg mykje arbeid i å skaffe gevinstar, arrangere radiotreff og heie på arbeidet, legg Vartdal Espelund til.
-Radioen når over kommunegrenser, og det gjer også banda radioen har til frivillige medarbeidarar. Vi er utruleg heldige som har så mange flotte folk med oss, og det gjer noko med alle som er med å kjenne at ein er ein stor gjeng utanfor sin eigen heim som er med i det same arbeidet.
I tillegg til radiosendingane blir intervju og andakter lagt ut på heimeside, podkast og i sosiale medier, og i 2020 nådde radioen 20 000 brukarar på eiga heimeside.
