Radio Sunnmøre når lenger

I februar har Radio Sunnmøre hatt lyttarar i ikkje mindre enn 35 land verda over. Det syner statistikken frå dei som har vore innom på radioen sine heimesider, og lytta på webradioen eller på enkelte intervju som er lagt ut via podkast.
Når langt via sosiale medier
Det er også heilt tydeleg på statistikken at det Radio Sunnmøre produserer er noko som lyttarne og fylgjarane ynskjar å lytte til, i tillegg til at ein når langt ved å bruke sosiale medier. Heile 65 % av brukarane har kome inn på heimesida via sosiale medier, anten ved at dei har sett ein facebook-ven like eit innlegg eller at nokon har delt eit innlegg. Når brukaren fyrst er inne på heimesida, så nyttar ein også minimum nokre minutt på sida før ein forlet den.
I tillegg til at Radio Sunnmøre dei siste par åra har blitt svært aktiv på facebook, instagram, podkast/spotify og på eiga heimeside med daglege oppdateringar, så har radioen fleire tusen trufaste lyttarar i veka på Sunnmøre, i tillegg til dei som no også har starta å lytte via appen Radioplayer og på webradio. Radio Sunnmøre starta hausten 2019 med å sende 24/7, døgnet rundt, på webradio og appen Radioplayer med navnet Radio Sunnmøre.
Tysdag 10. og onsdag 11. mars skal Radio Sunnmøre ha årets RadioGiv. Då har vi to dagar med fleire spanande gjestar gjennom to dagar med direktesending og fleire programleiarar som du heilt sikkert kjenner att stemmene på. I tillegg har vi fått mange flotte gåvekort frå næringslivet på Sunnmøre, som vi skal trekke gjennom dagen blant alle som er med å støttar Radio Sunnmøre desse to dagane.
Årets RadioGiv
Tysdag 10. og onsdag 11. mars kan du ringe telefonvaktene våre på 70154100 eller Vippse til 72582 om du ynskjer å støtte Radio Sunnmøre si årlege store innsamling til drifta av radioen. Ein radio vi håpar at du er glad i og ynskjer skal nå endå lenger!

T U S E N T A K K for all støtte! Ikkje minst, del gjerne sakene våre og vår facebookside på facebook, slik at endå fleire kan fylgje oss og få med seg det vi legg ut der!!
