Vestborg vidaregåande på samanristningstur

Lars Johan Stokken. Foto: Radio Sunnmøre

Mandag og tysdag denne veka er VG1 ved Vestborg vidaregåande skule på samanristningstur til Brusdalsheimen. Skulen startar året med heile 123 elevar etter ei rekordauke på søkartalet i vår. Lars Johan Stokken fortel til Radio Sunnmøre at dei no har to dagar på Brusdalsheimen for å bli betre kjend med kvarandre og med nokre av verdiane og måla for skuleåret.

Vi tok også ein prat med fire av dei ferske elevane Sara Emilie Steinshamn, Sigrid Valland, Mari Hauge og Amalie Kvalvik, om dei to fyrste vekene på internatskule.

Høyr heile innslaget på Radio Sunnmøre.

(f.v) Amalie Kvalvik, Mari Hauge, Sigrid Valland og Sara Emilie Steinshamn er klare for VG1 på Vestborg vidaregåande skule, og for to dagar med samanristning på Brusdalsheimen.

Neste
Neste

Han bærer gjennom alt