"Sannhetens pris" på Gomerhuset
Radio Sunnmøre inviterer til Gomerhuset
-Kva kostar det å stå for dei kristne verdiane, er tema når Radio Sunnmøre inviterer til ein ettermiddag på Gomerhuset i Skodje søndag 15. februar. Hovedgjest er partileiar for KrF, Dag Inge Ulstein, som har møtt både kritikk og positivitet etter at han vart klarare på dei kristne verdiane landet vårt er bygd på.
Radio Sunnmøre inviterer søndag 15. februar kl. 1700 til ein radiokveld på Gomerhuset i Skodje.
Sannhetens pris er tema for ettermiddagen, og vi har invitert Dag Inge Ulstein, partileiar i KrF, til å kome å snakke om dette temaet.
-Kva kostar det å stå for dei kristne verdiane og den kristne trua i dag?
Det siste året har partileiar Ulstein stått hardt på dei kristne verdiane, og at landet vårt er bygd på eit kristent livssyn, og den kristne trua i fleire tunge temaer, og denne kvelden skal vi snakke om kva pris det gir, og kva offer det tek.
Ulstein er vaksen opp på Eidsnes i Sula. Han er utdanna familieterapeut. Ulstein har ein bachelorgrad i teologi frå NLA og ei bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi fra Universitetet i Bergen (2011). Han har tidlegere arbeidd som ungdomsleiar i Salem Misjonsforsamling, som leiar for Haraldsplass Kurs og Samtale, og frå 2014 som utviklingssjef for Stiftelsen Bergen Diakonissehjem.
Han har ei rekke politiske verv bak seg, som blant anna byråd i Bergen, og stortingsrepresentant og statsråd for KrF. I 2025 vart han vald som partileiar for partiet.
Dag Inge Ulstein har i fleire debattar og samtalar vore tydeleg på sin kristne tru og dei kristne verdiane landet vårt er bygd opp på. Vi skal samtale denne ettermiddagen om kva det kostar og kva verdi det har.
Søndagens tekst
I tillegg kjem Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og vi skal snakke litt med han om tekstar i Bibelen med same tema. Kva pris har det å halde fast på Guds Ord?
Karl Johan Bjørge er 61 år, bur og er i frå Ellingsøya, og der idag prost i Nordre Sunnmøre prosti. Han er kvar veke med i serien Søndagens tekst på Radio Sunnmøre.
Han har tidlegare vore Sokneprest i Vatne og Hamnsund, som han fekk i 2019 etter å ha vore sokneprest i Storfjord i Nord-Troms sidan 2013. Frå oktober 2017 til 2018 var han også konstituert som prost. Han var også Hovudverneombod i Møre bispedøme fram til 2025.
Han har erfaring frå Laget og ein mann med mykje teologisk og apologetisk kunnskap.
Songkrefter frå Ellingsøy og Sula
I tillegg til desse to taleføre personane, kjem nokre musikalske krefter også med. Det er Lill-Sissel og Tom Giske, frå Ellingsøya, og Gutane, frå Sula. Gutane består av Ole Viggo Tynes, Ole Petter Alnes, Roger Eiksund og Oddgeir Vadseth. Dei har halde på ca 15 år og held til i Sula Frikyrkje i Langevåg.
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, redaktør for Radio Sunnmøre, og Helge Åkernes, nytilsatt i radioen, blir også med. Det heile blir avslutta med kake, sponsa av Ålesund folkehøgskule, og kaffi. Vi håpar at mange tek turen til ein spanande ettermiddag på Gomerhuset på Skodje.

