Denne veka er det Kari Lisa Dimmen Roald som er gjest i programmet Min musikk. Ho er ein dyktig og sprudlande pianist, og i programmet får vi høyre nokre av songane ho er glad i og har eit særskilt forhold til. Vi får også høyre kvar det heile starta på Dimnaøya på Søre-Sunnmøre.
Programmet kan du høyre i veke 46 mandag kl.13, onsdag kl.14, laurdag kl.09 og kl.14, og søndag kl. 14 og kl. 20.
