Smålotteri tillatt igjen
Kultur- og likestillingsdepartementet har offentleggjort endringar i pengespelforskrifta. Ei endring er at små lokale radiostasjonar igjen kan arrangere smålotteri utan å måtte søke om tillatelse.
I dei nye reglene opnast det opp for at mindre lokalradiostasjonar no kan tilby smålotteri med avgrensa omsetning, utan å måtte søke om tillatelse. Dette skurv lokalradio.no på sine heimesider.
Endringa rettar opp ein utilsikta konsekvens av den nye pengespellovgivninga frå 2023, og gjeninnfører ei ordning som lokale kringkastarar tidlegare har kunne nytta seg av.
– Arbeiderparti-regjeringen ønsker at lokalradiostasjoner kan fortsette å tilby smålotterier. Det gir et tryggere og mer ansvarlig pengespill-tilbud, samtidig som at små, lokale medier ikke mister viktige inntekter, sier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i en pressemelding.
Forskriftsendringa kjem etter påtrykk frå Norsk Lokalradioforbund, etter at mange små lokalradioar mista inntekter etter at den nye pengespel-lova trådte i kraft.
-Dette er fantastisk for Radio Sunnmøre, seier redaktør og dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund. Då dei innførte restriksjoner mot loddsal for kringkastarar utgjorde det ei betydeleg lavare inntekt for Radio Sunnmøre. Vi veit at våre lyttarar elskar basar og det å kunne samlast rundt slike tilstelningar. Så dette er svært positivt for oss, held Vartdal Espelund fram.
