Snakk med ungdomen om rus
Malin Strand er leiar for Blå Kors sitt ungdomsarbeid i Ålesund. Ho er bekymra over at mange ungdomar har lett tilgong til stoff som ein kan ruse seg på. Mange hevdar for eksempel at hasj er ufarleg å bruke, men sanninga er at du skal ikkje bryke mykje hasj før det påverkar hjernen og du vert både sløv og apatisk. Vi har teke ein prat med henne om dette viktige men vanskelege temaet. Både foreldre, skular og andre må vere oppmerksomme på dette og vere tilstades for ungdomane og ha ein open dialog med dei om kva rus er og kva det kan føre til både for ein sjølv og andre.
