Radiotur til Palmeøya Flor og Fjære
Radio Sunnmøre gjev deg moglegheit til å oppleve 50000 sommarblomar og palmehagar slik du vanligvis opplever dei på sydlege breddegraderpå ei øy rett utanfor Stavanger. Saman med Plussreiser inviterer vi deg med på tur til Flor og Fjære i august. Det vert sett opp ein buss ifrå Ålesund og ein som startar i Kristiansand. Kurt Andre Henriksen og Geir Sandvik er sjåfør på kvar sin buss. Reiseledar frå Ålesund er Arild Ove Halås frå Radio Sunnmøre saman med kona Randi Fagerhol Lauvås. Forfatter og forkynnar Rita Åsen er reiseledar frå Kristinasand. I tillegg til Flor og Fjære blir bedehusøya Finnøy besøkt, og det vert overnatting i Bergen og Stavanger.
