Stjernedryss i adventstid

Tradisjonen tru blir det også i år arrangert Stjernedryss i adventstid på Sunnmøre. Det er Johan Halsne i IMF Sunnmøre som står bak arrangementet, og i år har han gjort ein liten vri frå tidlegare år. I staden for ein ny gjest på dei ulike kveldane har han i år med artistane Sarah og David Åstrøm og Marie Gudmestad kvar kveld. I tillegg blir Arild Ove Halås og Randi Fagerhol Lauvås saman med Halsne sjølv. Den fyrste kvelden blir på Sylte bedehus i Valldal tysdag 5. desember. Deretter går det kveld etter kveld til Sjøholt Folkehøgskule, Ulsteinvik bedehus, Valderøy bedehus, Langevåg bedehus og til slutt på Brattvåg bedehus.

Forrige
Forrige

Bli med til Madagaskar

Neste
Neste

Nær ein million i underskot for IMF Sunnmøre