Til Afrika med NSP Aid
I haustens fyrste program frå NSP Aid (North South Partnership Aid) har Per Gunnar Hamnøy med seg to elevar frå Spjelkavik vidaregåande skule i studio. Jentene skal bli med til Afrika om to veker, og fortel i intervjuet at dei har kjent til arbeidet til NSP Aid nokre år, og gler seg veldig til å kome til landet for å sjå arbeidet organisasjonen driv for å betre barn og unge sin kvardag.
Høyr heile det nye programmet med NSP Aid.
