Totalrenovering av Solevåg bedehus
Murane vart reist på slutten av 1930 talet, men på grunn av andre verdskrigen vart ikkje huset teke i bruk før nærare 1950. No er det gamle bedehuset i Solevåg på Sula utanfor Ålesund totalrenovert og framstår som eit heilt nytt hus. Vi i Radio Sunnmøre tok turen og møtte Are Bakke, Johan Per Sunde og Johannes Stokke. Dei er tre av ein stor flokk frivillige som har lagt ned eit omfattande dugnadsarbeid.
