Treng klare og tydelege rammer i ny rusreform

I forslaget til ny rusreform er balansen mellom å hjelpe tungt rusavhengige, og det å hindre unge i å bli brukarar av rus ein stor debatt i dag. Møre og Romsdal politidistrikt har kome med ein høringsuttalelse der dei er bekymra for at forslaget til rusreform legg til rette for ei rein avkriminalisering av narkotika, med bakgrunn i at det er forskjellige grupper ein jobbar opp imot.

- Eg meinar at helse må på bana for å forsterke tilboda dei har til dei som er rusavhengige, og til dei som er på veg til å bli det. Rusreforma klarer ikkje å nyansere det biletet på ein god måte Det er heilt klart at dei som har behov for hjelp bør få det, og at straff ikkje nyttar for dei som er i eit belastande rusmiljø. Det eg er bekymra for er rekrutteringa og oppfølgjinga av dei som er på veg inn i eit rusmiljø, og som er unge og har livet framføre seg, seier Bjørn Egil Gamlem, avsnittsleiar for etteretning og førebygging i Møre & Romsdal politidistrikt.

Distriktet jaktar ikkje på slitne narkomane, men har ein innsats inn mot å hindre ei utbreiing av narkotika i dei yngre aldersgruppene. I eit intervju med Bjørn Egil Gamlem, avsnittsleiar for etteretning og førebygging, får du høyre meir om kva som er utfordingane i Møre og Romsdal i dag, og kvifor ei avkriminalisering kan gje fleire utfordringar for dei unge.

Forrige
Forrige

Ny bok frå bypatrioten Grytten

Neste
Neste

Forventning til arbeidet vidare