Ungt engasjement for forfulgte kristne

Det siste året har Åpne Dører auka satsinga si overfor barn og unge. Ein viktig brikke i dette er Reisekoordinator Reidar, som du får møte i dagens program. Som følgje av Covid19 er reisetenesta sett på vent, men det har åpna nye muligheiter. Reidar er utdanna lærar, og trivast godt blant barn og unge. Du får høyre han fortelje om Åpne Dørers samarbeid med 5 DELK-skular på Austlandet. Dette resulterte i eit fantastisk misjonsprosjekt som gav rundt 400 000 kr til arbeidet blant forfølgde kristne. Samtidig handlar misjonsprosjektet om mykje meir enn innsamla kroner! «Våre forfølgde sysken har så mykje å lære oss. Vi ønskjer å opplyse, engasjere og berøre dei unge; at det blir til livslang læring», seier ein engasjert Reidar. Han har også besøkt bibelskular og ungdomslag dette skuleåret. Reidar oppfordrar alle som er engasjert i kristent barne - og ungdomsarbeid til å åpne dørene for vitnesbyrdet frå forfølgde kristne. Det har vore livsforvandlande i hans eige liv – og det kan gjere det same for dagens unge.

Forrige
Forrige

Hausttur til Geilo med Plussreiser

Neste
Neste

Midnattsol, flott natur og mange opplevingar i Finnmark