-Aldri før fått vore så aktiv i nødhjelp

Annstein Lothe saman med tilsette og frivillege ved Sjømannskyrkja i Pattaya delar ut fleire tonn ris og fleire tusen egg til sårt trengte. Foto_Sjømannskyrkja i Pattaya

-Eg har aldri før fått vore så aktiv i nødhjelp tidlegare, fortel Annstein Lothe frå Ellingsøya, som for tida er Sjømannsprest ved Sjømannskyrkja i Pattaya.

I desember reiste Annstein Lothe saman med kona Kristianne til Pattaya i Thailand for å ha nokre siste år som sjømannsprest før pensjonisttilværelsen. Då COVID-19 slo ut verda over, fekk paret tilbod om å reise heimatt til Noreg. Annstein valde å vere att i Pattaya, og i denne siste tida har han saman med ein god gjeng både tilsette og frivillege fått delt ut fleire tusen matpakkar til sårt trengte. 

Høyr intervjuet med Annstein Lothe i Pattaya gjort over Skype.

Det er lange køer kvar torsdag for å motta matpakkar under matutdelinga ved Sjømannskyrkja i Pattya. Foto_Sjømannskyrkja i Pattaya

Forrige
Forrige

Åpne Dører veke 20

Neste
Neste

Friheit og forbøn