Åpne Dører veke 20

Frå berykta fange til ivrig evangelist
Denne våren har Olaug Lillian Bjørke vore på reise med Åpne Dører til Sentral Asia.Ein av Open Doors sine kjerneverdiar er: «We are people of the
Bible». I dagens program får du høyre korleis dette kjem til uttrykk i stan-landa. Mina* (26) er involvert i å dele evangeliet med barn og unge, og fortel korleis eit søskenpar på 8 og 12 år fekk bringe familien til tru. Det heile starta med at dei kom på eit barnemøte som Mina og den lokale pastoren arrangerte på landsbygda. I andre halvdel av programmet får du møte Pastor Pavel*. Du får høyre korleis eit russisk-koreansk nytestamente frå fengselsbiblioteket forvandla ein berykta fange til ein ivrig evangelist. No står Pavel igjen i fare for å hamne i fengsel, på grunn av si tru og teneste. Han seier: «Eg er trygg på at det er Guds vilje at eg tener Han her. Det er min plass, også om Gud vil eg skal tene Han i fengselet. Eg er ikkje redd. Mi bekymring er kva som vil skje med familien min dersom eg blir tatt.» Pavel ber om forbøn for sine kjære; kona og barna som er i alderen 1-7 år. I programmet får du elles høyre «Ditt ord er en lykt for min fot» av Søndagsskolen Norge.
