Alle kan be
Møtevekene er i full gong denne hausten, og denne veka skal Marit og Irene halde møter på Fitjar bedehus. I kvardagspraten med Marit Stokken Berland får vi høyre frå møta som har vore, og Berland fortel om kor viktig bøn er i dette arbeidet og at bøn er noko alle kan vere med på. Ei dame som hadde mista taleevna kom på eit av møta, men bøna haldt ho fram med og brukte tida på å be for alle heimane i bygda si. Ei veke på Fitjar bedehus med mykje på programmet får vi høyre meir om i kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
