Sana har håp, midt i smerte og sorg

I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Irak. Ho knyter nokre tankar til ei oppleving i 2014, då IS inntok Irak. Gjennom denne opplevinga blir det reflektert over kva det vil seie å identifisere seg med forfølgde kristne. Dette er ei av Åpne Dørers målsetjingar for arbeidet i «den frie verda». Du får høyre Sølvi Hopland og Kor de ville synge «Herre, gje meg dine auge», før du får eit sterkt møte med Sana frå Irak.  Ho opplevde at mannen og sønene vart bortført av IS i 2014. Sidan har ho verken sett eller høyrt frå dei. Ho deler smerten og saknet, men også håpet om å sjå sine kjære igjen. Sana får no tilbud om hjelp gjennom eit Håpssenter, ei lokal kyrkje støtta av Åpne Dører. Det har tatt lang tid før ho har våga å dele si historie. «Trua mi på den allmektige Gud er stor», seier Sana. «Eg ber om at mannen min og sønene mine kjem tilbake. Dei er alt eg har. Om Gud vil, kjem dei tilbake.»

Forrige
Forrige

Den strikkande ungdomspresten på Nestun

Neste
Neste

Alle kan be