Den strikkande ungdomspresten på Nestun
Andreas Hatlevik Weltzin er prestestudent og under teologistudiet arbeider han som ungdomsarbeidar og prestevikar i Birkeland kyrkje på Nestun utanfor Bergen. Han er ein av forholdsvis få menn som strikkar, og no har han starta eit strikkeprosjekt for å kome i kontakt med småbarnsforeldre. Så langt har han fått med seg rundt 25 frivillige i kyrkjelyden som strikker dåpsluer som dei vil dele ut til nyfødte born og på den måten få fleire foreldre til å døye borna sine.
