Åpne Dører - bønnefokus

Når Åpne Dører ute på feltet spør etter dei forfølgde sine behov, er svaret ofte: «Først og fremst – be for oss!» I dagens program deler Olaug Lillian Bjørke nokre oppmodingar nettopp til dette, frå sysken i Sri Lanka, Egypt og Sørvest-Asia. Vidare i programmet er Helge Åkernes gjest i studio. Han snakkar om bøna sine tre perspektiv: oppover – med takk til Gud, innover – til styrke for eige trusliv,  og utover – mot forfølgde sysken. Her har vi som kristne ei spesiell oppgåve; å gjere godt mot og hugse på dei i bøn. Bøn er ikkje for spesielt interesserte; det er noko alle kristne er kalla til! Det er éin som vil hindre truande i å be, men Helge oppmodar til å invitere til bønekamp: «Då er vi på heimebane og på vinnarlaget! Den kampen vinn Gud for oss», avsluttar han. I programmet får du elles høyre Storsalen menighet synge «Kom og se». 

Forrige
Forrige

Radio Sunnmøre på Spotify

Neste
Neste

Trygve Skaug med ny diktbok