Bekjennelse er ein befrielse
I barndomsheimen til John Leirvik var det stadig forkynnarar som var på besøk og budde der under møteveker. Ein av dei var Mathias Orheim, som Leirvik som gut fekk lære å spele på glas med. Mora var ein kristen og Leirvik vaks opp med søndagsskule og ei barnetru. Då etter han var konfirmerte sklei det litt ut, fortel Leirvik i eit intervju, då han reiste på sjøen.
I 1968 var der ein vekkelse på Ulstein bedehus, og der vart John Leirvik omvendt. Han vart ein kristen og var med og song og vitna. Ut på 70-talet hende det noko trasig i livet som gjorde at han ikkje lenger klarte å gå på bedehuset, og i over førti år var han vekke i frå trua.
I 2024 fekk Leirvik eit hjarteinfarkt og det vart veldig alvorleg for han. -Visst du no døyr John, då går du fortapt, fortel han at han sa til seg sjølv. Då fekk han ei melding frå ein kamerat som vart ein omvendelse i livet hans. Då han kom heim frå sjukehuset var han både friske og nyfrelst. Og kona merka at han var annleis då han kom heim, men han bekjende ikkje at han var blitt ein kristen. Det var fyrst då Marit og Jarle Berland kom på møteveker i Volda at han fekk vitna offentleg om at han var blitt ein kristen på ny.
Synnøve Leirvik har vakse opp med kristen barn -og ungdomsarbeid. Og ho har aldri vore redd for å fortelje at ho var ein kristen. Og ho har alltid trudd at ektemannen var ein kristen. Så då mannen vitna om at han var blitt ein kristen på ny på møtet, så forstod ho det ikkje. Og dette gjekk ho lenge etterpå å tenkte på.
Ein dag sitter ho aleine heime i leiligheta og slår på Ipaden. Der dukkar plutseleg Håkon Hartvedt opp og synger ein song ho aldri har høyrt tidlegare. Det var O Jesus du som fyller alt i alle. Den gjekk rett i hjertet på Synnøve, og ho sendte den til ektemannen. Ho fortel at det var ei uverkeleg stund. Deretter fekk ho Salige visshet i hovudet og starta å synge på den. Då forstod ho kva ektemannen meinte med at han var blitt frelst. Der fekk ho ei stille stund med Jesus på kjøkkenet.
Høyr heile intervjuet med Synnøve og John Leirvik som fortel om korleis dei vart frelst i godt vaksen alder.
