Frihals med nytt album
Mannsgruppa frå Flekkerøya, Frihals, har kome med nytt album. Sju av dei ti songane er eigenkomponerte og i eit intervju med Roald Arnesen får vi høyre meir om kva desse songane betyr for dei. Mannsgruppa er ein del ute og syng i samarbeid med Norea Mediemisjon, og det som går igjen i songane er takksemda for det Jesus har gjort.
