Påskeprogrammet på Radio Sunnmøre

I påska har vi lagt inn eit variert og godt program for påskeveka på Radio Sunnmøre. Noko av det vi vil trekke fram er:

Tysdag 31. mars kl. 09, 17 og 21. Då får du møte Synnøve og John Leirvik som delar sine trushistorier. John fekk eit møte med Jesus i sjukesenga, og Synnøve fekk eit møte med Jesus ved kjøkkenbordet. Høyr den sterke historia på Radio Sunnmøre.

Frå skjærtorsdag kl. 09 og 21 tom 2. påskedag får du temaprogram med trushistorier og samtalar om påskas innhald i Bibelen.

Langfredag kl.13 får du eit temaprogram om påska i ord og toner.

Langfredag kl.17 og kl. 22 les vi heile Bibelens tekst på langfredag.

1.påskedag og 2. påskedag kl.17 får du atthøyr frå Gomerhuset. Den 15. februar inviterte vi Dag Inge Ulstein, partileiar i KrF, og Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, til Gomerhuset for å snakke om temaet Sannhetens pris. Kva kostar det å stå på dei kristne verdiane? Opptaket frå denne ettermiddagen kan du høyre på Radio Sunnmøre desse to dagane. Gutane frå Sula, og Lill-Sissel og Tom Giske frå Ellingsøya, deltok med song og musikk.

Elles fyller vi timane med dei vanlege programtimane våre, men med godt innhald og fokus på den kristne bodskapen som vi feirar i påska.

God påske frå oss i Radio Sunnmøre!

Forrige
Forrige

Frihals med nytt album

Neste
Neste

Ny sokneprest i Ålesund og Volsdalen menighet