Dagar for fellesskap og misjon
Normisjon Region Møre inviterer til felleskapsdagar med fokus på Jesus og misjon i september. Regionleiar Torgeir Frøvik Frøsøie kan fortelje at folk frå heile landet i desse dagar melder seg på. Hans Tore Løvås skal halde bibeltimar, Hallgeir Reiten har ansvaret for songen- og musikken og i tillegg til eit allsidig program vert det lagt opp til varierte turar i haustfjellet på Bjorli.
