Viktig hjelpearbeid i Ukraina
Ukrainahjelpa er ein liten organisasjon med base på Sunnmøre som driv eit stort og viktig hjelpearbeid i Ukraina. Personar som treng det får støtte til medisiner, helsehjelp, mat, husvære med meir, og mange barn får hjelp til å reise på leir. Alle midler som kjem inn går direkte vidare til dei som treng det som mest. Vi har hatt besøk av leiar i Ukrainahjelpa, Kurt Andre Henriksen. Covid 19 gjer at den store og årlege basaren ikkje kan gjennomførast, men i desse dager vert det gjennomført ei utlodning for å finansiere hjelpearbeidet i Ukraina og du vert utfordra til å vere med.
