Føremiddagstreff på Valderøy bedehs
Ein gong i månaden møtast ein god gjeng i kjellaren på Valderøy bedehus på føremiddagstreff. Fyrste tysdag i mars var Radio Sunnmøre invitert til å dele om arbeidet og dele ei andakt. Anbjørn Walderhaug var med og song for dei frammøtte, og i etterkant av samlinga fekk vi ein prat med han om samlinga i bedehuskjellaren.
