Går ikkje vidare med sal av Orreneset Misjonssenter
Krinsstyret i ImF Sunmøre har slutta å ikkje gå vidare med prosessen om eit eventuelt sal av Orreneset Misjonssenterl Dette er gjort etter ynskje frå og i samråd med dei som var aktuelle kjøparar.
Onsdag 11. februar kalla ImF Sunnmøre inn til eit ekstraordinert årsmøte. I innkallinga til det ekstraordinære årsmøtet innstilte krinsstyret forslag til vedtak, at ImF Sunnmøre sel Orreneset Misjonssenter til Bjørn Valderhaug og Kristine Solstad under føresetnad av at ein salsavtale ivaretek intensjonane i saksutgreiinga til årsmøtet.
Les tidlegare sak her: Sal av Orreneset må utgreiast vidare - Radio Sunnmøre
I saksutgreiinga stod det at krinsstyret i Imf Sunnmøre har dei to siste åra vore i samtalar med ekteparet Kristine Solstad og Bjørn Valderhaug om eit mogleg kjøp av Orreneset Misjonssenter. Dei ynskjer å kjøpe senteret og drive det som eit kristent barne – og ungdomssenter. Dei ynskjer også at Orreneset framleis skal vere knytt til ImF Sunnmøre, og legge til rette for leirarbeid, møter, kurs og arrangement for forsamlingar, kyrkjelydar og andre grupper.
Kjøparane ynskjer å foreta ei oppgradering av Orreneset, og har økonomiske ressursar til både oppgradering, drift og vidare utvikling av leirstaden. Dei vil bu på senteret og vere eigar, drivar og vertskap av Orreneset.
Under det ekstraordinære var det fleire som tok til orde for at dette måtte utgreiast betre juridisk, også med tanke på at klausular frå tidlegare vedhøyrande sal måtte gjennomgåast betre, samt klausular for misjonssenterets framtid med tanke på å kunne bruke leirstaden til misjonsverksemd. Det var viktig for utsendingane å få tryggleik for at Orreneset også i framtida vil vere ein misjonsstasjon.
Det var 46 som stemte for å greie ut saka betre til eit nytt ekstraordinert årsmøte i slutten av april, og det var heile 29 som stemte mot sal av Orreneset misjonssenteret. Det var totalt 75 stemmerettiga utsendingar tilstades.
Går ikkje vidare med sal
Måndag 9. mars sende Imf Sunnmøre ut ei orientering til sine medlemmar om at ein no ikkje går vidare med prosessen om eit eventuelt sal av Orreneset Misjonssenter. Det blir då heller ikkje kalla inn til eit ekstraordinært årsmøte i april.
Krinsstyret vil no saman med styret for Orreneset starte arbeidet med å finne ny dagleg leiar for Orreneset Misjonssenter.
