Ny dagleg leiar i Harilastiftelsen håp

Frå 1. september går Peder Arne Almedal inn i Harilastiftelsen Håp som dagleg leiar. Dei siste åra har han vore krinsleiar i Lys over land.

Etter ein lang og grundig prosess har styret i Harilastiftelsen HÅP tilsett Peder Arne Almedal som ny dagleg leiar. Han tiltrer stillinga 1. september 2026. Det skriv Steinar Harila sjølv på sine facebooksider.

Harilastiftelsen HÅP har i 26 år støtta kristent arbeid i Israel, Estland og Russland – både økonomisk og gjennom forbøn. Stiftelsen har sine røter langt tilbake i tid, og arbeidet har vakse fram gjennom kall og konkrete behov, ikkje gjennom oppsøkande verksemd, seiast det i uttalelsen på facebook.

– Vi har vært i bønn og praktisk søkt etter den rette personen til å lede arbeidet videre. Vi opplever at vi nå har funnet den rette, seier Steinar Harila, grunnleggar og noverende leiar.

Vidare skriv Harila at Peder Arne Almedal har brei og allsidig yrkeserfaring. Dei siste åra har han vore krinsleiar i Lys over land. Ein sentral del av hans teneste vil vere å ivareta og utvikle kontakta med arbeidet på misjonsfelta og i Noreg.

Frå sommaren 2027 vil også hans kone, Solgunn Almedal, gå inn i tenesta saman med han.

Ekteparet har eit tydeleg forkynnarkall og vil i tillegg til leiaransvaret reise omkring for å forkynne Guds Ord, vitne og synge. Peder spelar trekkspel, og Solgunn spelar gitar og piano.

– Vi ser frem til at arbeidet skal få utvikle seg vidare med ny kraft og nye impulsar, samtidig som grunnlaget og kallet står fast, seier Steinar Harila.

Forrige
Forrige

Går ikkje vidare med sal av Orreneset Misjonssenter

Neste
Neste

Norwegian gospel voices på påsketurne