Giskespelet 2021 med heilt nytt innhald

Torsdag 17. juni er det klart for premiere på årets Giske-spel. På grunn av Covid 19 har spelet i år heilt nytt manuskript, og vi får høyre historia fortalt frå ein anna vinkel enn tidlegare. Det er plass til 200 personar på kvar forestilling, og alt er lagt innanfor trygge og gode smitteverntiltak. Skodespelarana må øva og opptre i kohortar, men no er alt klart til årets storhending på Giske. Vi tok ein prat med Arne Tunheim som har vore sentral i spelet i mange år, og han kan love ei varm oppleving og ei ny og djupare innsikt i historia om Arnungane og Heilag Olav. Det er framleis mogleg å skaffe seg billettar via nettstaden tikkio.com

Forrige
Forrige

Kinesiske kristne under sterkt press

Neste
Neste

Å få dele liv igjen